#denbestefestivalopplevinga handlar også om å sove godt imellom slaga. Malakoff har difor eit variert overnattingstilbod, som skal passe dei aller fleste.
Meir informasjon om camp m.m. vert publisert etterkvart på nettsida, appen og Facebook.
Velkomen til camplivet på Malakoff Rockfestival. Vi må ha nokre reglar for at alle skal ha ei trygg og god oppleving. Vi skal gjere vårt beste for å ta godt imot gjestene våre, men treng di hjelp til å halde campen ryddig og gje alle #denbestefestivalopplevinga.Vi klarer ikkje å realisere våre miljøambisjonar åleine. Vi trenger hjelp frå deg!
18 års aldersgrense.
Teltplass – 3x4 meter (ikkje campingvogn eller bobil)
Ikkje lov å ta med inn på campen:
Partytelt
Grill
0-toleranse for narkotika. Politiet gjennomfører kontroll
Parasoll
Glasflasker
Gassflasker
Aggregat
Møblar
Kniv, våpen
Dyr
Folkeskikk:
Lydvolum frå høgtalarar skal ikkje sjenere naboen din
Presenning over telt og som ikkje hindrar framkomst er lov
All form for vald ulovlig. Dette fører automatisk til utkasting frå campen og kan ende som politisak
Zzzzzz....rolig mellom 04:00 og 08:00
Klatring over gjerda = tapt festivalpass og campadgang
Gjer vel og rydd opp søppel og ting etterkvart
Gjestar som viser usømeleg åtferd eller uroar andre blir vist vekk
Teltplass skal vere rydda og forlate innan sundag kl. 13.00.
Miljøgebyr: Ved 100% rydda teltplass og tilhøyrande areal, returnerer vi miljøgebyret
Overnatte i lavvo på festivalcampen? Velg storleik for 3, 5, 7 eller 9 personar. Eit roligare overnattingstilbud på ein skjerma del av festivalcampen. Lavvo er ferdig oppsatt, med gulv, ved ankomst. Alt du treng gjere er å bestemme deg for storleik. I tillegg treng du 2 eller 3 dagers festivalpass inkl. inngang camp. Miljødepositum på 150,- er inkludert i prisen, og vert refundert ved godkjent opprydding før kl 13.00 på sundag.
Du må ha eigen teltplassbilett for å setje opp telt (1 telt per teltplass), men ein kan sjølvsagt bu fleire i lag. Alle må likevel ha 2 eller 3 dagars festivalpass med inngang camp.
Vanleg teltplass, 3x4 m Miljødepositum på 150,- er inkludert i prisen, og vert refundert ved godkjent opprydding før kl 13.00 på sundag.
Du må kjøpe fleire plassar dersom du skal sette opp telt som er større enn kjøpt plass. Plassering vert fordelt etter førstemann-til-mølla-prinsippet frå kl 16.00 på torsdagen eller kl 10.00 på fredagen.
Malakoff tilbyr i 2020 oppgradert overnatting til gjester som ønsker litt ekstra komfort! Du sjekkar inn i Podtown-resepsjonen og får utlevert eigen nøkkel til din pod kor du kan boltre deg i ferdig oppredd seng. Alle pod´ar har mogleghet for justering av varm/kaldluft. Podtown tilbyr 24/7 resepsjon, toalett og dusjfasilitetar. Kvar pod er utstyrt med headset, lading, lys, vindauge som kan opnast og projektor som snakkar med mobilen din.