BILLETTAR TIL MALAKOFF 2020 ER GYLDIGE TIL MALAKOFF 2021

Malakoffbillettane du har kjøpt for 2020-festivalen, er automatisk overført til 2021. Du treng altså ikkje å gjere noko.


Du kan sjekke at billetten din er oppdatert med korrekt årstal og dato via Tikkio-appen din, eller på din profil på tikkio.com. Har du kjøpt Earlybird-billett gjennom vår tidlegare billett-leverandør TicketCo, kontakter vi deg i god tid før festivalstart sommaren 2021 og informere om det praktiske ved innsjekk.

Ved å overføre billettane til neste år vil du hjelpe Malakoff i å kome enda sterkere tilbake i 2021. Sjølv om det ikkje blir festival i 2020, har vi utgifter som må betalast. Det er difor viktig for oss å få ein god start på billettsalet til 2021. Ved å behalde billetten til 2021, vil du få festivalopplevinga til same pris som 2020-billetten kosta.

 

Kva må eg gjere dersom eg vil refundere billetten min?

Alle som har kjøpt billettar til Malakoff 2020 vil få høve til å få refundert desse. Ønskjer du refusjon, må du som billettkjøpar sende ein epost til: post@malakoff.no. Førespurnadar om refusjon vert handsama så raskt som mogleg.

Frist for refusjon av billettar: 27. mai 2020

 

VIL DU HJELPE OSS?

Kulturlivet står i flammar, og som mange andre i arrangørbransjen har også vi i Malakoff store utgifter tilknytt Koronakrisa. Om du ynskjer og har evne, vil det vere til veldig stor hjelp med bidrag  - uavhengig av storleik.

Dette betyr at vi som festivalarrangør kan halde fram med å levere den aller beste festivalopplevingar for deg som publikum.

På førehand, tusen takk!

- Malakoffadministrasjonen

 

TIL DONASJON