Gymmen Scene og Studio på Eid er den råaste livescena i Sogn og Fjordane! Ein stad for all type kultur, kreativitet og scenekunst. Og magi. For det blir fort magisk å vere publikum på ein konsert i Gymmen. Om det er med Kulturskulen i Eid, Stein Torleif Bjella, Oslo Ess, Jackbow eller Hovland & Tønes. Malakoff Rockfestival administrerer Gymmen Scene og Studio i tett samarbeid med Operahuset Nordfjord.

 

Lokala våre inneheld scene med kapasitet til 275 personar med bar og backstage. I kjellaren finn ein studio, treningsrom og garderobar. Plassering sentralt i Nordfjord gir kort reiseveg frå Måløy, Stryn, Volda og Førde.

 

Kontakt oss for meir informasjon om muligheita for å spele inn musikk, øve, arrangere konsert, møter, kurs eller andre typar aktivitetar. Du kan leige heile eller deler av lokala, med den type kompetanse du treng for ditt arbeid. Gymmen er eit rimelig alternativ til andre. I Gymmen sitt nettverk kan ein finne flinke folk med kompetanse på foto, film, marknadsføring, arrangement, lyd og lys. Kva ventar du på?

Leiar: Arnt-Ivar Naustdal

E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Følg oss på Facebook: www.facebook.com/gymmensceneogstudio

Tøff konsert- og klubbscene i sentrum av Eid med plass til 275 personar (golv + mesanin). Publikumsarealet har sittegrupper, stolar og bord etter type arrangement og tal publikum.

Gymmen Scene har serveringsløyve for øl og vin. 

Lokala kan nyttast til møte, kurs og konferanse i tillegg til konsertar og øving. Bak i lokalet finn ein bar og toalett/garderobe.

Speleflate 5,2 m x 4 m
Scenehøgde 73 cm
Takhøgde: 4,1 meter / Scene/trosse-høgde: 3,3 meter

For prisar og tider på øving i Gymmen, ta kontakt via Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

For leige av lokala til møter, konsertar og private arrangement, send prisførespurnad til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Leiga inkluderer:
• Lokalet
• Grunnpakke lyd, lys, projektorar og lerret
• Stolar og bord
• Vask av lokalet
• Sanitære fasilitetar

Primært ønsker vi å motta fakturaer elektronisk (EHF) - vårt org.nr. 991 007 636 
Alternativt kan også faktura sendes som pdf til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Fakturaadresse:
Malakoff Rockfestival 
Postboks 170, 6770 Nordfjordeid

Besøksadresse: Sophus Lievegen 1, 6770 Nordfjordeid

Backstage

Backstage ligg skjerma plassert i andre høgda bak scene. Her finn ein toalett, sminke/kles-skifte, minikjøkken og opphaldsrom. Det er direkte tilgang til scene frå backstage. Tilgang til dusj/garderobe i underetasjen.

Catering/losji

Gymmen har ikkje eige kjøken eller overnatting. Vi har avtale med lokale leverandørar på mat og overnatting. Dette blir avtalt individuelt med kvar artist. Hotellet ligg 10 min gange frå Gymmen.

Parkering/get in

Venlegst informer tidlig om de kjem med nightliner, lastebil og/eller varebil, og kva straumbehov de har. Vi har parkeringsplass rett utanfor Gymmen Scene og Studio. Det er også mulig å parkere ved hotellet. Vareinngang scene på bakkeplan. Get-in blir avtalt individuelt med kvar artist etter behov.

Internett og kontorfasilitetar

Vi har eige trådlaust nett, og tilgang til printer om naudsynt.

Rigge- og berehjelper

Vi kan stille med dette om de gir beskjed i god tid.

Merchandise

Vennlegast meld frå i forkant om dere tar med Merchandise til Gymmen. Vi ordnar med bordoppsett og eventuell bemanning, men dette må avtalast på førehand.

KJØP BILLETT

The Dogs

The Dogs

Kjøp billett