dagar igjen
WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X
Nyttig informasjon Foto: Tommy Bredesen

Nyttig informasjon

For at du skal være skikkelig godt budd og klar for festival, har vi samla viktig info her! Du finn informasjon om opningstider, Malakoff-appen, betalingsløysing, program/speletider, mattilbud, sikkerhet og kart over området.

Finner du ikkje svaret på det du lurer på? Spør oss ved å sende melding her 

I år får du 3 dagar med Malakoff. Festivalen har konsertar på to ulike scener på festivalområdet, amfiscena og malakoffscena. Malakoff har to campar, festivalcampen som ligg like ved festivalområde og lavvocampen som ligg ved Operahuset Nordfjord, ca 5min å gå frå festivalområdet.

 

Bytte billett til band - kan du få gjort i forkant av festival og i ved inngangen.
NB! dagsbillettar får du ikkje bytte inn før konsertdagen/samme dag billetten gjeld for.


Kulturhuset Gamlebanken i Eid sentrum: 
Onsdag 19.juli - kl 13-20
Tordag  20.juli - kl 10-20

I Malakoff ved inngangen: 

Torsdag 20. juli - kl 13-20
Fredag  21. juli - kl 09-02
Laurdag  22.juli - kl 10-02

 

Festivalcamp- INNSJEKK 

Torsdag  20. juli  - frå kl 17 ( om du har 3 dagerspass )
Fredag   21. juli - frå kl 10 ( om du har 2 dagerspass )

Campen stenger søndag kl 13.00


Lavvocamp - INNSJEKK
Torsdag  20. juli  - frå kl 17 ( om du har 3 dagerspass )
Fredag   21. juli - frå kl 10 ( om du har 2 dagerspass )

Campen stenger søndag kl 13.00

Billetter finner du her

 

OPNINGSTIDER :

Festivalområdet: 
Torsdag           kl 19.30 - 00.30
Fredag            kl 16.00 - 02.00 
Laurdag           kl 13.15 - 02.00

Festivalcamp/Lavvocamp:      
Torsdag           kl 17.00 -  Søndag 13.00 (3dagerspass)
Fredag            kl 10.00 -  Søndag 13.00 (2dagerspass)

 

ALDERSGRENSE

Der er 16 års aldersgrense på campane. Der er ingen aldersgrense på festivalområdet, og barn under 12 år går gratis i følgje med ein vaksen.

Festivalområdet har eigne barområde med 18 års aldersgrense. Hugs legitimasjon!

 

MALAKOFF-APPEN

Din beste venn på festivalen vil være Malakoff-appen. Du kan navigere deg rundt på festivalområdet ved hjelp av det detaljerte kartet og få informasjon og påminnningar undervegs i festivalhelga.

Last den ned her:  https://malakoff.no/app-nedlasting

 

BETALINGSLØSNING - KUN KORT!  (ikkje kontantar)

Det er ikkje mogleg å betale med kontantar på festivalområdet og på festivalcampen. Berre bruk av bankkort og verdikort/gavekort 

 

TRYGT HEIM I SOGN OG FJORDANE

Trygt Heim fraktar deg trygt heim til ein billig penge etter festivalen er over. Dei går både fredag og laurdag , kl 02.30 frå Eid Rutebilstasjon til: 

Måløy
Selje/Stadlandet (via Almenningsfjellet til Selje. Ruta vert tilpassa etter kvar passasjerane skal)
Volda/Ørsta (om Stigedalen)
Stryn, Hornindal/Stryn,
Sandane  
Skei
Førde 
Florø
Sogndal

100 kr per person uansett alder!

 

MATTILBUDET

Det blir servert eit godt utval av vått og tørt. I tillegg til rockemat som Rockeburger, -svele, -wraps, -pølse og -pommesfrites er der øl, vin, cider, kaffi/baileys og mineralvatn å få kjøpt. Vi har også vegan og vegetarmat, samt glutenfri mat og drikke.

 

Ikkje tillatt på festivalområdet:

  • Medbrakt mat og drikke 
  • Grill/anna påtenningsutstyr 
  • Skarpe gjenstandar, t.d. paraply 
  • Campingutstyr (telt, stolar, luftsofa osv.) 
  • Hund eller andre husdyr 
  • Video- eller lydopptaksutstyr 
  • Speilreflekskamera
  • Selfie-stang
  • Flasker og termosar
  • Annet som ikkje er tillatt etter norsk lov

 

CAMPREGLAR finn du her

KART OVER OMRÅDET

malakoff17 kart

FØRSTEHJELP

Eid Røde Kors Hjelpekorps er til stades på festivalen. Dei held til i enden av grassletta utanfor inngangen til festivalområdet og festivalcampen. Treng du hjelp? Gå dit eller ta kontakt med ein av festivalvaktarane.

 

TRYGGLEIK

Malakoff Rockfestival har stort fokus på tryggleik. Eit enormt lag med vakter med gule vestar vil vere på området under arrangementet, og Røde Kors held til på sletta utanfor inngangen til festivalområde og festivalcamp. På campen vil det vere vakter 24 timer i døgnet. 

 

TOALETT

Malakoff har svært gode fasilitetar, tre stader på festivalområdet og to stader på campen. Talet på toalett er auka i år igjen. Do-området nærast festivalscena har handikapptoalett.

 

PROGRAM/SPELETIDER