dagar igjen
WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X
Malakoff17: Eid Inviterer!

Malakoff17: Eid Inviterer!

Velkomen til Eid, Nordfjord og Malakoff17! Eid kommune og Nordfjordeid er stolt vertskap for ein av landets beste og største rockefestivalar. 

Nordfjordeid har vore samlingsplass for folk frå fjern og nær i hundrevis av år. Vi er vande med, og trivst med, liv og røre. Som festivalgjest vil du oppleve ei enorm dugnadsånd. Langt over 1.000 frivillige frå 8 til 88 år står på for at du skal få den beste festivalopplevinga. Mitt tips for festivalen er at du også nyttar sjansen til å gjere deg kjent med Eid og Nordfjord.

 

Gjer deg kjent med Nordfjordeid, den kompakte strandstaden vår med sjarmerande gamle gatemiljø, parkar, strender og alle tilbud du kan ønskje deg i gangavstand - og som no veks frå år til år fordi fleire vil bu her. Gjer deg kjent med Nordfjord, med spektakulær natur frå Stad i vest til Stryn i aust, og eit mangfald av tilbod. Rockeeventyret Malakoff har gjort oss i Eid sikre i trua på at ingenting er umulig. Du er velkomen til oss - året rundt, uansett kven du er. Vi er kanskje ein liten stad, men med eit stort hjarte.


Eid Inviterer - nyt eventyret og Malakoff17!

 

Alfred Bjørlo

 

Ordførar i Eid