WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

Madrugada

Madrugada  med  Sivert  Høyem  i  spissen  gjer  eit  etterlengta  comeback  og  tek  turen  til  Malakoff19!  Dette  i  samband  med  markeringa  av  20-årsjubileumet  til  bandet  sitt  legendariske  debutalbum,  Industrial  Silence.  Eit  album  som  i  1998  gjekk  rett  inn  på  fyrsteplass  på  VG-lista  og  er  eit  av  dei  beste  og  viktigaste  albuma  i  norsk  rockehistorie.  I  løpet  av  dei  10  åra  bandet  eksisterte  gav  Madrugada  ut  fire  studioalbum  til,  der  det  siste  albumet  «Madrugada»  vart  starta  på  og  kom  ut  eit  år  etter  at  gitarist  Robert  Burås  døde  i  2007.

 

På  sine  ti  år  som  band  var  Madrugada  kontinuerlig  i  toppsjiktet  av  norske  band  både  innafor  og  uttafor  Norge  sin  grenser.  Dei  har  m.a  motteke  til  saman  fem  Spellemannprisar  inkludert  «Årets  Spellemann». 

FOR DEG SOM: LikarNick  Cave,  Iggy  Pop,  PJ  Harvey,  Sivert  Høyem  og  Jeff  Buckley.

DU KAN FORVENTE DEG: Majestetisk  rock  av  ypperste  klasse.
HITS: Majesty,  The  Kids  Are  On  High  Street,  Lift  Me,  This  Old  House,  Honey  Bee.