| Historikk |
|
Malakoff Rockfestival vart starta i 2003 av ungdomane Ottar og Rune Schanke Eikum saman med Anne Joril Haugland. Frå ein festival for 650 personar første året, har den utvikla seg til å bli ein sentral-rockeaktør på Vestlandet med 4 500 besøkande i 2007 og heile 11 000 besøkande i 2009.
Malakoff Rockfestival blei kåra til Årets festival av Norsk Rockforbund både i 2004 og 2005!
For 8-ande gong vert Malakoff Rockfestival arrangert på Nordfjordeid 23. og 24. juli 2010.
Malakoff Rockfestival sitt formål er:
Å lage ein årviss festival som samlar studentar, ungdom og vaksne i heile regionen med musikken og det sosiale i fokus. Gje publikum gode konsertopplevingar. Spreie kunnskap om, og auke forståinga og interessa for rock og spesielt for norsk rock.
|
|
| Sist oppdatert ( torsdag 03. desember 2009 ) |










