|
I Eid kommune bur det 5861 innbyggjarar pr. januar 2009. Kommunen er sterkt prega av det kulturelle, og ei dugnadsånd som få har sett makan til før. Malakoff Rockfestival har ofte fått høyrt dette når dei presenterar festivalen for andre festivalar i Norge.
Lokalisering:
Eid kommune ligg i regionen Nordfjord i Sogn og Fjordane fylke. Med grense til kommunane Volda og Vanylven i Møre og Romsdal, i tillegg til grense mot alle kommunane i Nordfjord. Kommunen er såleis sentralt plassert i regionen.
trykk her
Eid kommune ligg godt plassert mellom Ålesund i nord og Bergen i sør. Med har god tilgjengelighet gjennom flyplass på Anda, Gloppen kommune, som ligg ca. 30 min. frå Eid (inkl. ferje), hurtigbåt sørover kysten og eit godt vegnett som fører til Ålesund i løpet av 2,5 time, til Bergen på 4,5 time og Oslo på 7 timar.
Eid kommune satsar på kultur
Den kommunale musikk/kulturskulen har eit høgt fagleg nivå og fleire svært dyktige og initiativrike lærekrefter. Det er eldsjeler som vil skape eit attraktivt miljø for dyktige utøvarar, og som ser potensialet til ungdomen i bygda. Andre arrangement utanom Malakoff Rockfestival er Opera Nordfjord som no har status som distriktsopera og syngespelet Elskhug og Eksis som har sitt utgangspunkt i landets eldste ekserserplass, Malakoff Parken der festivalen held stad.
Satsinga på kultur og ungdom er blitt eit prioritert område for kommunen. Operahuset Nordfjord samlokalisert med Eid vidaregåande skule, Eid folkebibliotek, Eid kino, hadde offisiell opning av eit fantastisk sambruksbygg 25. april 2009.
|
|
Sist oppdatert ( torsdag 03. desember 2009 )
|