| Malakoffveka |
|
Endeleg er Malakoff-veka her,og den åttande Malakofffestivalen går av stabelen! Som festivalsjef kan eg melde at alt er i rute og at publikum kan gle seg til at sola endeleg kjem til Nordfjordeid. Som alltid garanterar vi fint ver !!!! I tillegg til at vi framleis treng frivillige, oppmodar vi alle som har moglegheit til det å ta seg ein tur innom Kulturhuset Gamlebanken torsdag og fredag før festivalen opnar for å BYTTE INN BILLETTEN SIN TIL FESTIVALARMBAND. På den måten slepp ein å stå i kø utanfor inngangen. Frå fredag kl 10 vil det også vere folk ved festivalinngangen som sel billettar og byttar inn billettar, både til festivalen og campen. I år startar festivalen med KICKOFF i Gymmen med Ingrid Olava. Billettar får du kjøpt på www.operahuset.no eller i Kulturhuset Gamlebanken. NYTT OG NYTTIG: to scener – amfiscena vert teken i bruk, utvida og enda betre sanitærforhold både på campen og på festivalområdet , ”Jektehola ” er ein del av festivalområdet, 34 band på scena i år – det beste av det norsk rockmusikk har å presentere, utruleg lav billettpris samanlikna med andre festivalar, i tillegg til festivalcamp har vi i år også tilbod om familiecamp – kontakt Nordfjord Hotel!! |
|
| Sist oppdatert ( tirsdag 20. juli 2010 ) |









