| John Olav Nilsen & Gjengen |
|
Powerpop / Soul / Annet Her kjem ledestjerna for den nye bergensbølga som skyller innover landet. John Olav Nilsen & Gjengen sitt debutalbum ”For Sant Til Å Være Godt” (2009) har mottatt ros frå musikkmedia og aviser over heile landet. Fleire av dei klinte til med toppkarakter. Dei vann spelemann i år i kategorien rock. Ikkje så rart - dei viser at ein kan spele feiande god rock samtidig som ein syng på norsk. Innlevinga på scena er det ikkje mange norske band som kan konkurrere mot og når musikken er ei blanding av soul, pop, rock og punk – så er dette formelen for ei stor karriere som kan utvikle seg til kva som helst. Når dei entrar scena til sommaren så er det som eit av dei mest vitale rockebanda i Noreg akkurat no. Sjekk ut JOHN OLAV NILSEN & GJENGEN på nettet: www.myspace.com/johnolavnilsen
|
|
| Sist oppdatert ( fredag 16. april 2010 ) |









