| Thomas Dybdahl |
|
Pop / Country / Folk
Her får de servert ein av dei mest talentfulle ”singer-songwriters” artistane i landet. Han har vunne spelemannsprisen tre gongar, nominert til same pris utallige gongar, er ute med ”Best-of album” og vil sleppe sitt 5. album ut på nyåret i 2010. Dette er artisten som med sine tekstar og melankoli framtvingar gåsehud til og med blant dei mest hardbarka rockerane. Gled dåkke folkens!!
Thomas Dybdahl er norsk songar, gitarist og låtskrivar. Han har gjeve ut fire solo-plater og er og vokalist i gruppa The National Bank. Han fekk mykje merksemd frå det platekjøpande publikum for singledebuten Bird i 2000 og EP-en John Wayne i 2001. Året etter ga Dybdahl ut sin første album, ...That Great October Sound, etter altså å ha gitt ut to utgivingar med lavmælt, akustisk materiale, i stor grad inspirert av Neil Young og alternativ countrymusikk. Albumet solte godt på bakgrunn av omfattande radiospeling og pressemerksemd. For albumet vant han Alarmprisen 2003 i klassen pop og Spellemannprisen 2002 i klassa popsolist. Han fikk dessutan Edvard-prisen 2003 i klassen populærmusikk for songen «All's Not Lost».
Platene Stray Dogs (2003) og One Day You'll Dance For Me, New York City (2004), befesta Dybdahls posisjon som en av landets fremste popmusikarar. Hans fjerde album Science vart gjeve ut i 2006 og for det vant han Spellemannprisen 2006 som beste mannlege artist.
Thomas Dybdahl er også vokalist i popgruppa The National Bank, som har medlemma m.a. frå Jaga Jazzist og Bigbang. The National Bank album- og konsertdebuterte sommaren 2004, og mottok Spellemannprisen for årets pop-album. Thomas Dybdal er i studio akkurat no for å lage sitt 5 studio album. Dette er klart utpå nyåret. Vi gler oss!!!
|
|
| Sist oppdatert ( mandag 29. mars 2010 ) |










