| The Pink Robots |
|
Happy Hardcore / Pop / Rock
Bandet har sitt utspring frå bandet Joe Frog som spelte på sentrumscena i 2007. The Pink Robots har klart å slå seg opp gjennom urørt konseptet i 2009, og er eit band med veldig stort potensiale. Den litt pompøse pop-stilen beherskar dei til fulle, så vi gler oss veldig til å høyre dei til sommaren. Alltid kjekt å ha band med lokale røter som gjer det bra på den nasjonale musikkscena. The Pink Robots har kun eit klart mål, nemlig å få folk til å føle seg bra gjennom musikken sin. Med dette som utgangspunkt har dei gjennom 2009 jobba med å skape den varme og sjarmerande musikken dei no representer.
Alle som har prøvd veit at det er vanskelig å finne nye måta å utrykke seg på gjennom musikk. Ved å gje dei siste fem tiårs musikkhistorie ein liten tvist og ein vri har det likevel utvikla seg et ganske spesielt utrykk som medlemmene i The Pink Robots er svært stolte av.
Bandet rører seg i pop-sjangeren med fokus på flotte melodiar som klokkereint sameinar manne- og kvinnevokal i de fleste låtane. www.myspace.com/thepinkrobotsnorway Du vil også kunne høyre The Pink Robots spele på Sentrumscena fredag: Nrk Sommarlutt |
|
| Sist oppdatert ( mandag 29. mars 2010 ) |










