Artistar 2010

User Menu

Sei di meining

  • JoomlaWorks Simple Image Rotator
  • JoomlaWorks Simple Image Rotator
  • JoomlaWorks Simple Image Rotator
  • JoomlaWorks Simple Image Rotator
Big Bang

 Rock / Folkrock / Alternativt

big bang

Bandet har etter at dei spelte på festivalen i 2005 vokse seg endå større og betre. Dei er eit av dei aller beste livebanda i Noreg som alltid lagar kjempestemning på scena. Låtmaterialet er endå sterkare enn sist gang, så her er det ingen tvil: hemningslaus rockefest frå  fyrste til siste gitarriff!!!

 

Big Bang har vore eit godt synlig og etablert band på den norske rockescena i over ti år, og dei siste to åra har dei og etter kvart starta å prege den amerikanske. Bandet debuterte så tidlig som i 1996, med albumet ”Waxed”, men dei opplevde liten suksess før ep-en ”Girls in Oslo” og seinare albumet ”Clouds rolling by”, som vart gjeve ut i  2000. I 2003 ga dei ut det som skulle bli Noregs mestselgande livealbum; ”Radio Radio TV Sleep”, før dei med sin seinaste, plate ”To much yang” i 2007, befesta sin posisjon som eit av Noregs absolutt beste og mest populære band.

 

Mot slutten av 2007 valte medlemmene i Bigbang å flytte til USA, nærmare bestemt Los Angeles, for å bygge opp ei karriere ”over there”. I 2008 kom så utgivinga ”From Acid to Zen”, som var berekna for den amerikanske marknaden, der låtane var henta frå deira tidligare norske utgivingar.

 

I vår slapp dei det nye studioalbumet, ”Edendale”. Ei plate som vart spelt inn i det smått legendariske Sound City Studios i Los Angeles, for øvrig det same platestudioet som Nirvanas ”Nevermind” ble spelt inn i. Med denne plata har Big Bang nok eingong befesta sin topp- posisjon i norsk rock.

 

 

www.myspace.com/smallbang

http://www.thebigbangweb.com/

 

 

Sist oppdatert ( mandag 29. mars 2010 )
 

Sparebanken Vest
Billettar

Camp info

FØLG MR OGSÅ PÅ:

Camp info

Camp info


Skårhaug taktek

Gymmen scene og studio