SEIGMEN TIL MR2012
2/20/2012
Rock
Det er ikkje til å tru at eit av slutten av 90-talets beste og største norske rockeband står på Malakoffscena til sommaren. Etter at dei ga seg på slutten av 90-talet, har dei spelt nokre få konsertar – sist i 2008 i Operahuset i Oslo. Gitarist Marius Roth er og kjent gjennom operakarriera, og hadde hovudrolla då Opera Nordfjord sette opp Tryllefløyten hausten 2011. Til sommaren spelar dei nokre få utvalde festivalar og vi er overlykkelege over å få Seigmen på besøk. Den majestetiske sounden og songar som «Døderlein», «Metropolis», «Slaver av solen» og «Hjernen er alene» vil skape ei magisk stund på MR2012.
http://www.seigmen.com