BARE EGIL BAND – kjem til MR2012!
1/20/2012
Den mykje omtalte og aktuelle trubaduren Egil Hegeberg ligg ikkje på latsida fortida. I august kom det kritikarroste dobbeltalbumet «Norge på kryss og tvers volum 1» i samband med NRK-serien om Bare Egil.
Dette prosjektet vart avslutta med konsert på Rockefeller og innspeling av liveplate med tittelen» Norge på kryss og tvers volum 2». Mannen er og kjent frå andre musikalske prosjekt som Black Debbath, Hurra Torpedo, Thulsa Doom og Gartnerlosjen. Ein allsidig underhaldande kjernekar som alltid får opp humøret og får publikum til å synge av full hals. Kjenner vi Bare Egil rett så vil dette underhalde og glede mange under MR2012.