null


   

Artistar klare for MR 2012

 


LARS WINNERBÄCK(S)
Folkrock

I Sverige har Winnerbäck vore ein av dei største og viktigaste artistane lenge, men i dei seinare åra har han og spelt for fulle hus i dei store norske byane i Norge. Ærlige, inderlege og sterke poetiske tekstar, kombinert med mektige melodiar har gjort Lars Winnerbäck til heile Norden sin rockepoet. I tillegg til alt dette så skadar det sjølvsagt ikkje at mannen er ein fenomenal konsertartist og er klar med nytt album før MR 2012.

Bellman, Taube, Vreeswijk og Lundell utgjorde lenge Sveriges ”fire store”. Etter at Lars Winnerbäck fekk sitt store gjennombrot i heimlandet rundt årtusenskiftet, snakkar svenskane no om dei ”FEM STORE”. Veldig fortjent.Dette vert garantert ein av dei beste konsertopplevingane  under årets MR2012! 

 

SEIGMEN

Rock 

Det er ikkje til å tru at eit av slutten av 90-talets beste og største norske rockeband står på Malakoffscena til sommaren. Etter at dei ga seg på slutten av 90-talet, har dei spelt nokre få konsertar – sist i 2008 i Operahuset i Oslo. Gitarist Marius Roth er og kjent gjennom operakarriera, og hadde hovudrolla då Opera Nordfjord sette opp Tryllefløyten hausten 2011. Til sommaren spelar dei nokre få utvalde festivalar og vi er overlykkelege over å få Seigmen på besøk. Den majestetiske sounden og songar som «Døderlein», «Metropolis», «Slaver av solen» og «Hjernen er alene» vil skape ei magisk stund på MR2012.
http://www.seigmen.com 


BARE EGIL BAND

Vise/rock

 

 

 

Den mykje omtalte og aktuelle trubaduren Egil Hegeberg ligg ikkje på latsida fortida. I august kom det kritikarroste dobbeltalbumet «Norge på kryss og tvers volum 1» i samband med NRK-serien om Bare Egil. Dette prosjektet vart avslutta med konsert på Rockefeller og innspeling av liveplate med tittelen» Norge på kryss og tvers volum 2». Mannen er og kjent frå andre musikalske prosjekt som Black Debbath, Hurra Torpedo, Thulsa Doom og Gartnerlosjen. Ein allsidig underhaldande kjernekar som alltid får opp humøret og får publikum til å synge av full hals. Kjenner vi Bare Egil rett så vil dette underhalde og glede mange under MR2012.

  

 

CASIOKIDS
Synt/elektronika-pop
  

 

 

Bandet frå Bergen er aktuelle med det nye albumet «Aabenbaringen Over Aaskammen» som kom ut i oktober til svært gode kritikkar. Musikken er fengande og sær på same tid, men engasjerer og skaper alltid fest på lokalet. Bandet har ei imponerande turneliste bak seg dette året..med konsertar i USA, Japan, Australia, Russland, England og Tyskland. Til sommaren tek dei turen innom Malakoff …finn fram dansefoten….vi gler oss!

 

 

EL CACO  

Med tjukke, brautande riff og tidvis perfeksjonert meloditeft har El Caco laga eit namn for seg sjølv blant dei store og mest kritikarroste rockebanda i Norge. Forrige plate «Heat» frå 2009 fekk ein seksar i VG: « Eit Riffbeist av dei heilt sjeldne!» Vi har gleda oss som ungar til oppfølgaren, og El Caco innfrir så det held! «Hatred, Love & Diagrams» har fått strålande kritikkar over heile linja. Deira heftige blanding av hard rock, stoner og metal har sørga for en stadig voksande og trufast fanskare, spesielt hos dei som likar band som m.a Queens Of The Stone Age, Deftones, og Alice in Chains. Vi hadde ei herleg konsertoppleving med El Caco under bylarm og vi ynskjer å vise dei fram igjen for Malakoff-publikummet til sommaren.

http://www.elcaco.com


HURRA TORPEDO
 
 

Kvitevarerock

  

 

 

Verdens beste kvitevareorkester kjem til MR2012. Konserten under årets Malakoff vert ein av dei siste konsertane som bandet gjere før dei kastar inn årane. Heil sidan 1993 har Kristopher Schau dengt laus på komfyrar, frysarar, kjøleskap og vaskemaskiner med full kraft. For å unngå at frontfiguren vert invalid har dei beslutta å gje seg etter sommarens festivalar – og denne gongen ser det dessverre ut som at det er sant. Synd, for dette er eit utruleg kult band som har eit konsept som funkar overalt. Så skal du oppleve «Total Eclipse Of The Heart» og «Pokerface» ein gong til så må du ta turen til MR2012.

 

ROYAL REPUBLIC (S)

Rock


Etter å ha fått mange med prisar og mykje radiospeling i heimlandet etter fjorårets debutalbum «We Are The Royal», så står utlandet og MR2012 for tur. Konserten dei hadde på John Dee i Oslo viste at dei energiske rockarane frå Malmø er på full fart framover på den internasjonale konsertscena. Royal Republic minner oss om Danko Jones og landsbrødrene i The Hives ..heilt perfekt for Malakoff. 

 

SONDRE LERCHE

Singer/Songwriter

Låtskrivar, songtekstforfattar, filmkomponist, The Voice dommar, gitarist, songar og popartisten Sondre Lerche er klar for Malakoff. Etter å ha budd fleire år i USA og spelt lite i Norge så har han i den siste tida bemerka seg med myteomspunne konsertar og TV -show. I sommar, 10 år etter debutplata som vart belønna med Spelemannspris, gav han ut eit nytt sjølvtittulert album som har fått mykje kritikarros. Dette er mannen som har spelt to gongar på David Letterman`s Tonight Show og som på sin heit særeigne måte spreier glede og musikalske høgdepunkt på konsertane sine.
http://www.sondrelerche.com

 

 

   

  


 

null null null

Pepsi MAX

 

 

 

 

Sparebanken Vest Sogn og Fjordane Energi Eid kommune Sogn og Fjordane Fylkeskommune Bryggen hotell


 

Vest Auto
Fjordabladet
Nordfjord Hotel
Dvergsdal og Sunde Bygg A/S
Frislid Konfeksjon
Expert 
Volda Maskin
Eid Elektro
Berge & Co
Moengården
Rignes
Phillip Morris
Opal
Skårhaug taktekk
Bergart
Cats
Møbelringen
Eid Motor
Totland Libris
Spano Reknskap
Frislid Herreekvipering
West Mekan Produksjon AS
Bakers AS
Hildenes Gartneri
Yrisand
Europris
Statoil
Norsand
Rema 1000
Bunnpris
Relacom 
Expeditionen
Cubus
Skobutikken Sunde (Eurosko)
Lagerutsalget
Fjordvarme
Byggern
Øien Båt
Chatlet Sport